Ida Hove Solberg. Foto: Pia NordinIda Hove Solberg. Foto: Pia Nordin

Webbinarium i Zoom

stockholmuniversity.zoom.us/j/65714625114

Om Zoom

Abstract

I det okkuperte Noreg (1940–1945) under andre verdskrigen var den omsette (översatta) litteraturen den strengast kontrollerte delen av det litterære feltet, da all omsett litteratur vart førehandssensurert av Quisling-regjeringas Litteratur- og bibliotekkontor (Formo 1998; Solberg in press; Solberg 2018). Vidare anvende Rikskommissariatet, den høgaste tyske autoriteten i Noreg, omsett litteratur som eit middel for soft propaganda. Soft propaganda er her forstått som subtil formidling for å endre mottakarens ideologiske haldningar (attityd), i kontrast til hard propaganda, som er meir grovkorna og openbar (sjå Huang 2018).

Målet for seminaret er å vise nokre former for innverknad (påverkan) som Rikskommissariatet hadde på feltet for omsett litteratur. Eg tar for meg funn frå Riksarkivet i Oslo som inneheld korrespondanse som direkte eller indirekte involverer Rikskommissariatet. Dei andre involverte aktørane i denne kommunikasjonen er sensorane på Litteratur- og bibliotekkontoret, og forlaga som måtte søke om løyve (tillstånd) for å få gi ut omsette bøker.

Eg supplerer presentasjonen av desse funna med tekstlege og kontekstuelle analyser av bøkene og forfattarane som dukkar opp i dette arkivmaterialet. Materialet og analysane avdekker at Rikskommissariatet påverka det omsette litterære feltet i det okkuperte Noreg på ei rekke ulike måtar, og var både openlyst og skjult (dold) involvert i utgivingsprosessar. Til sist viser dette materialet Rikskommissariatets tru på omsett litteratur som eit passande middel for soft propaganda.

Nøkkelord: Soft propaganda, omsettingssensur, omsetting under okkupasjon, omsettingspolicy, det okkuperte Noreg